Elefant
- Denne artikkelen handlar om nolevande elefantar. For familien som også omfattar utdøydde dyr, sjå elefantfamilien.
Elefantar er store pattedyr kjenneteikna av store øyre, ein lang snabel, og ofte store støyttenner. Dei høyrer til to slekter i elefantfamilien, Elephas og Loxodonta. Dei nolevande elefantane blir delt inn i to grupper, afrikansk elefant og asiatisk elefant. Desse kan også reknast som to artar, eller ein kan dela inn dei afrikanske elafantan i afrikansk savanneelefant og afrikansk skogelefant.
Elefant | |
Afrikansk skogelefant | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av elefant | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Ryggradsdyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Afrotheria |
Orden: | Proboscidea |
Familie: | Elefant Elephantidae |
Elefantar er i dag verdas største landlevande dyr. Den største elefanten ein har funne var ein hann skoten i Angola i 1956, som vog rundt 11 tonn og hadde ei skulderhøgd på nær 4 meter. Typisk er afrikanske hannelefantar 3 meter høge. Nyfødde elefantar er gjerne rundt 120 kg. Dyra har ei fostertid på 22 månader, den lengste av alle landlevande dyr. Dei blir typisk 50 til 70 år gamle.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elephant» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «African Elephant». National Geographic. Arkivert frå originalen 15. juni 2012. Henta 16. juni 2007.
- Elephants – Animal Corner
- Fenykovi, Jose (June 4, 1956). «The Biggest Elephant Ever Killed By Man». USA: CNN. s. 7.
- «Animal Bytes: Elephant». San Diego Zoo. Henta 16. juni 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: