Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen

Det humanistiske fakultet (tidl. Historisk-filosofisk fakultet (1946 - 2007)) er det største fakultetet ved Universitetet i Bergen. Fakultetet er blant dei beste innan sitt felt i Norden.

Sydneshaugen skole

Fagtilbod

endre

Fakultetet har ca. 3700 studentar og 460 tilsette. I dag tilbyr fakultetet 12 årsstudium, 19 bachelorprogram, 27 masterprogram og 3 integrerte masterprogram. Leiar for fakultetet frå 2021 er dekanen Camilla Brautaset.[1]

Institutta

endre

Fakultetet er delt inn i fire institutt og to senter:

  • Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)
  • Institutt for lingvistiske, litterære, og estetiske studium (LLE)
  • Institutt for framandspråk (IF)
  • Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF)
  • Senter for vitskapsteori (SVT)
  • Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK)

Fakultetet består av fleire bygg. HF-bygget ligg ved Sydnesplassen 7 på Sydneshaugen, Nygårdshøyden, ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Johanneskyrkja. I tillegg benyttar fakultet auditorium og grupperom ved Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9, og fleire andre bygg i nærleiken. Dekanatet og den øvste administrasjonen ved fakultetet held til i Håkonsgaten. Griegakademiet held til ved Nygård skole.

Studentdemokrati og aktivitetar

endre

Humanistisk studentutval (HSU) er HF-studentane sitt talerøyr andsynes administrasjonen på fakultetet og universitetet elles. I tillegg til det studentpolitiske organiserer HSU fadderveka, ein årleg revy, eit arbeidslivsutval og studentpuben Ad fontes. I tillegg er det fleire fagutval som arrangerer fagrelaterte aktivitetar for studentane ved dei forskjellige faga.

Kjelder

endre
  1. «Leiinga ved fakultetet», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 14. januar 2024 

Bakgrunnsstoff

endre