Det kostarikanske flagget

Det kostarikanske flagget er danna av vassrette striper i raudt, kvitt og blått. Tilhøvet mellom dei er 1:1:2:1:1, det vil seia at den raude midstripa er dobbelt så tjukk som dei omkransande kvite og blåe stripene. Fargane er inspirert av det franske flagget.

Det kostarikanske handels- og nasjonalflagget. Storleikstilhøve 3:5.
Det kostarikanske statsflagget.

Det noverande flagget blei offisielt teke i bruk av Costa Rica den 27. november 1906. Stripeutforminga stammar likevel frå 1848, då Costa Rica etablerte seg som sjølvstendig republikk etter å ha vore med i Den mellomamerikanske føderasjonen. Pacífica Fernández, kona til president José María Castro Madriz, utforma både det nye flagget og det kostarikanske riksvåpenet.

Småjenter med kostarikanske flagg under sjølstendedagen 1. mars.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Costa Ricas flagg» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      • Album des pavillons nationaux et des marques distinctives. National flags and distinctive markings, Service hydrographique et océanographique de la marine, Brest, 2000
      • Whitney Smith: Den store flagbog. Alverdens flag gennem tiderne, København, 1977

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Det kostarikanske flagget