Det pakistanske riksvåpenet

Det pakistanske riksvåpenet blei godkjent i 1954, og skal symbolisera det ideologiske og det økonomiske grunnlaget, rettesnorene og kulturarva til nasjonen.

Det pakistanske riksvåpenet.

Våpenet er sett saman av eit skjold med fire felt der fire viktige jordbruksprodukt er avbilda: Bomull, kveite, te og jute. Over skjoldet står den muslimske halvmånen og stjerna, som ein også finn i det pakistanske flagget. Det er delvis omgjeve av ein blomekrans laga av sjasmin, nasjonalblomen til Pakistan, med ei utforming som minnar om plantebasert kunst frå Mogulriket. Nedst står eit band med det pakistanske mottoet ايمان، اتحاد، نظم, (Iman, ittehad, nazm, urdu som tyder 'tru, eining, disiplin'.)

Kjelder endre