Jasminslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Sjasmin)
Jasminslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Slekt: Jasminslekta Jasminum
L., 1753

Jasminslekta (Jasminum) er ei planteslekt i oliventrefamilien som omfattar rundt 200 artar. Namnet på slekta kjem via fransk jasmin og arabisk yas(a)min frå persisk yasmin.

Plantane i slekta er oppretta eller klatrande buskar eller tre, og kan vera lauvfellande eller eviggrøne. Stengelen er glatt, kanta eller fura. Blada er motsette eller spreidde, eller ein sjeldan gong kransstilte; av form er dei enkle, trekopla eller finna. Blomane er kvite eller gule og har ofte ei sterk, behageleg duft. Krona er trakt- eller klokkeforma med 4–16 flikar. Alle artane har to pollenberarar. Frukta er eit bær.[1][2]

Slekta er utbreidd i Afrika, Asia, Australia og på stillehavsøyene. Ein art, Jasminum fruticans, veks i store delar av middelhavsområdet.[1] Fleire andre artar, mellom anna den asiatiske Jasminum officinale, er naturalisert i middelhavslanda.[2][3] Jasminum odoratissimum finnes på Kanariøyene og Madeira.[4]

Fylogenetiske studium har vist at sjasminartane med gule blomar og spreidde blad utgjer ei eiga gruppe som utgjer ei systergruppe til både dei andre Jasminum-artene og til slekta Menodora, som er utbreidd i Amerika og Sør-Afrika. Ein artikkel frå 2014 føreslo å flytta desse 15 artane til ei ny slekt, Chrysojasminum.[5]

Ein dyrkar sjasmin både som hage- og husplante på grunn av dei duftande blomane. Sjasminolje blir hovudsakleg laga av storsjasmin (J. grandiflorum), og blir brukt til parfyme og som smakstilsetjing i te. Den vanlegaste stoveplanten er Jasminum polyanthum. I Noreg er klimaet stort sett for kaldt til at sjasmin kan brukast utandørs, men vintersjasmin (J. nudiflorum) blir planta i dei mildaste delane av landet. Slekta må ikkje forvekslast med skjærsmin (Philadelphus), som er utbreidde og temmeleg hardføre hagebuskar.[6][4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Jasminum». Flora of China. Henta 21. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2. utg.). A & C Black. s. 173–174. ISBN 0-7136-7015-0. 
  3. «Jasminum». Flora Europaea. Henta 21. februar 2015. 
  4. 4,0 4,1 T. Kristoffersen (1970). Stueplantene i farger. Aschehoug. s. 246–247. 
  5. E. Banfi (2014). «Chrysojasminum, a new genus for Jasminum sect. Alternifolia (Oleaceae, Jasmineae)». Natural History Sciences 1 (1): 3–6. ISSN 2385-0922. doi:10.4081/nhs.2014.54. 
  6. Den store hageboken. Det Beste. 1973. s. 581. ISBN 82-7010-019-6. 

Bakgrunnsstoff endre