Neva

elv i nordvest-Russland

Neva (russisk Нева́) er ei elv nordvest i Russland, som renn frå innsjøen Ladoga gjennom vestlege delar av Leningrad oblast og byen St. Petersburg til Finskebukta. Trass i at ho er kort, er ho den tredje største elva i Europa ut frå middelvassføring, etter Volga og Donau.

Neva
elv
Lev Lagorio. Moon Night on the Neva (1898).
Land Russland
Finland
Kviterussland
Del av Unified Deep Water System of European Russia
Nedslagsfelt 282 000 km²
Lengd 74 km
Middelvassføring 2 600 /s
Kjelde Ladoga
 - høgd moh.
Munning Finskebukta
Kart
Neva
60° N 31° E
Wikimedia Commons: Neva River

Geografi endre

Neva er 74 km lang. 28 km av elva renn innanfor bygrensene til St. Petersburg, medan resten ligg innanfor Leningrad oblast. Ho renn sørvestover frå Ladogoa og når det sørlegaste punktet sitt der ho renn saman med Tosna og svingar så nordvestover og ut i Finskebukta. I snitt er elva 400 til 600 meter brei og på det meste 1,2 km. Middeldjupna er 8-11 meter, og på det meste 24 meter. Nedslagsfeltet til Neva inkluderer innsjøane Ladoga og Onega, dei to største i Europa, og dekkjer eit stort område av Nordvest-Russland og Sør-Finland.

Neva-deltaet endre

 
Kart over Neva

Øyane i Neva-deltaet som er danna av både naturlege greiner og kunstige kanalar utgjer den historiske delen av St. Petersburg. Dei største greinene er

Dei viktigaste kanalane og småelvane er

Av dei nemneverdige øyane finn ein

Sideelvar endre

 
Den gamle børsen sett frå Neva.

Neva har 26 sideelvar. Dei største av desse er

Byar langs Neva endre

Geologisk historie endre

Neva er ei ung elv som oppstod for mellom 4000 og 2000 år sidan, då Ladoga voks og brote gjennom ved Porogi i dei nedre delane av elv Izjora, som då var ei elv som rann direkte ut i Finskebukta gjennom dei nedre delane av dagens Neva. I følgje nyare date skjedde dette for 3100 radiokarbonår sidan (3410-3250 kalenderår sidan).[1]

Historie endre

I mellomalderen var den store elva viktig som ein del av handelsvegen mellom Austersjøen og Volga-portagane til Austen. Samløpet mellom Neva og Izjora var åstad for det kjende, men dårleg dokumenterte slaget ved Neva (1240) mellom svenskane og russarane. Aleksander Jaroslavitsj, fyrste av Novgorod, vann slaget og tok tittelen sin Nevskij (som tyder «av Neva») etter denne hendinga.

1500-talet bygde svenskane festninga Nyen ved munningen av Neva og ved inngangen til Ladoga låg den russiske festninga Oresjek, seinare kalla Sjlisselburg. Nyen vart øydelagd av Peter den store og etterpå grunnla han Peter-Paulfestninga i 1703. Ved Zajatsjijøya vert denne festninga rekna som den første bygningen i dagens St. Petersburg. Det var òg Peter som gav ordre om å byggje Ladogakanalen, som knytte Neva til elvane Volkhov og Svir fleire kilometer sør for Ladoga.

 
Neva i St. Petersburg, 1753.

Transport endre

Neva er den mest nordvestlege delen av Volga-Austersjø-kanalen, som går mellom Volga og Austersjøen. Denne vassvegen er seglbar for sjølv dei største elveskipa og er ein viktig del av innlandstransport mellom St. Petersburg og Moskva. Mange passasjerfartøy nyttar vassvegen i lag med store transportskip.[2]

 
Ust-Izjora, der slaget ved Neva visstnok fann stad i 1240.

Midtvinters frys elva til og kan ikkje nyttast til transportføremål.

Kjelder endre

  1. Saarnisto, Matti & Tuulikki Grönlund (1996). Shoreline displacement of Lake Ladoga - new data from Kilpolansaari[daud lenkje]. Hydrobiologia 322.1-3, 205-215.
  2. Noordersoft

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Neva

Koordinatar: 59°48′27″N 30°36′15″E