Opna hovudmenyen
Emblem of Saudi Arabia.svg

Det saudiarabiske riksvåpenet er eit emblem med ei grøn daddelpalme over to kryssa krumsablar. Det har hatt si noverande utforming sidan 1950, og er skildra i grunnloven av 1992, §4.[1]

Palma og sablane har vore brukt som statssymbol i Saudi-Arabia sidan 1930-talet. Palma står for landbruk og oasar i ørkenen. Dei to sablane kan symbolisera unionen av Hijaz og Nedsjd. Ibn Saud av Saudi-Arabia kalla seg frå 1926 «konge av Hijaz, Nedsjd og kringliggjande område».

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. General Principles, Saudi Arabia - Constitution

BakgrunnsstoffEndra