Detaljhandel
Detaljhandel er sal av varer i små parti direkte til forbrukaren. Som omgrep dekkjer «detaljhandel» over ulike typar av butikkar basert på tradisjonell bransjeinndeling. Detaljhandel er ei typisk småbedriftsnæring; omtrent tre fjerdedelar av detaljhandelsbedriftene har under fem tilsette. Svært mange av forretningane er eigd av enkeltpersonar, men aksjeselskapsforma vert stadig vanlegare. Den kooperative foretaksforma er i bruk for verksemder knytte til Forbrukersamvirket.
Det var i 2002 kring 37 000 detaljhandelsbedrifter (utanom dei som sel motorkøyretøy og motorsyklar) i Noreg, med ei samla omsetjing på 243 mrd. kr og med til saman kring 185 000 tilsette.
Kjelder
endre- «detaljhandel» i Store norske leksikon, snl.no.