Detlef Thorith (27. september 194217. juli 2019) var ein tysk diskoskastar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister i øvinga under EM i friidrett 1966 i Budapest. Thoriths personlege rekord er frå 1972 og lyder på 64,82 meter.

Detlef Thorith
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 27. september 1942
Koszalin
Død

17. juli 2019 (76 år)
Frankfurt-Nieder-Eschbach

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Thorith sette personleg rekord med 57,43 m i 1964, men var ikkje god nok til å få plass i OL-troppen til Tyskland. To år seinare kasta han under EM i friidrett 1966 ein cm kortare enn den tidlegare personlege bestenoteringa, men det var tilstrekkeleg til å vinne gullmedaljen i ei svært jamn tevling, der alle medaljane gjekk til austyske utøvarar. Få veker i forkant av meisterskapen hadde han nådd 61,30 m, og vart dermed den fyrste tyskaren som passerte 60-metersgrensa i diskoskast.

Han sette austtysk rekord med 62,26 m i 1967, og tok sin fyrste av tre DDR-titlar i diskoskasting. I OL-sesongen 1968 var han berre så vidt over 60 meter, og fekk dermed ikkje vere med til OL i Mexico-byen. Heller ikkje til EM 1969 eller 1971 fekk han reisesetel, men vart austtysk meister i 1970. Han forbetra besteresultatet sitt til 63,90 m i 1970, og gjorde sitt livs lensgste kast med 64,82 m i 1972. Thorith deltok under Sommar-OL 1972 i München, der han kom på sjetteplassen. Same sesongen tok han i den austtyske meisterskapen si tredje gullmedalje i diskos.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Friidrott-65, Friidrott-68, Friidrott-69, Friidrott-71 og Friidrott-72. Hälsingborg.