Detritus
- Sjå òg detritus i geologi.
Detritus er ei nemning brukt innan biologien om daudt materiale frå plantar og dyr som ennå ikkje er oppløyst til organiske stoff. På land finn me detritus som nedfall på bakken og blanda med jord. I vatn finn me stordetritus (nedfalne blad o.l.) og findetritus drivande i vatnet, eller på botnen.