Dhi Qar guvernement

Dhi Qar guvernement (arabisk ذي قار‎, romanisert Dhī Qār) er eit guvernement sør i Irak. Provinshovudstaden er Nasiriyah. Før 1976 heitte guvernementet Muntafiq guvernement. Dhi Qar var hjartet i den irakiske oldtidssivilisasjonen Sumer, og omfattar ruinane av Ur, Eridu, Lagash, Larsa, Girsu, Umma og Bad-tibira. Det sørlege området av guvernementet er dekt av Dei mesopotamiske sumpene.

Dhi Qar
ذي قار
guvernement
Land  Irak
Koordinatar 31°14′N 46°19′E / 31.233°N 46.317°E / 31.233; 46.317
Hovudstad Nasiriyah
Areal 12 900 km²
Folketal 2 000 000 (2012)[1]
Kart
Dhi Qar guvernement
31°14′00″N 46°19′00″E / 31.233333333333°N 46.316666666667°E / 31.233333333333; 46.316666666667
Kart som viser Dhi Qar guvernement.
Kart som viser Dhi Qar guvernement.
Kart som viser Dhi Qar guvernement.
Wikimedia Commons: Dhi Qar Governorate

Regionen har kring 2 millionar innbyggjarar, hovudsakleg sjiamuslimske arabarar. Dei sørlege sumpområda har tradisjonelt vore heimstaden til mange sumparabarar.

Skildring

endre

Guvernementet omfattar byane al-Rifai, Qalat Sukkar, Ash Shatrah, al-Gharraf, Suq al-Shuyouk, Khamisiyah og al-Chibayish

An Nasiriyah var vitne til somme av dei hardaste kampane og hardaste motstanden under den amerikanske invasjonen i 2003.

Distrikt

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 English Wikipedia community, Wikipedia (på engelsk), Wikidata Q328 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dhi Qar guvernement