Nasiriyah

Nasiriyah (arabisk الناصرية; An Nāşirīyah; òg skrive Nassiriya eller Nasiriya) er ein by i Irak. Han ligg ved breidda av Eufrat, kring 370 km søraust for Bagdad, nær ruinane av oldtidsbyen Ur. Han er hovudstad i Dhi Qar guvernement. I 2003 hadde byen kring 560 000 innbyggjarar, og var den fjerde største byen i Irak.[1] Han hadde ein religiøs mangfaldig folkesetnad av muslimar, mandearar og jødar tidleg på 1900-talet,[2] men i dag er innbyggjarane hovudsakleg sjiamuslimar.[1]

Nasiriyah
الناصرية
by
Naserya city center 1.JPG
Nasiriyah sentrum
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Dhi Qar
Distrikt Nasiriyah
Koordinatar 31°03′N 46°16′E
Folketal 860 200 (2012)
Grunnlagd 1872

Nasiriyah
31°2′38″ N 46°15′27″ E
Wikimedia Commons: Nasiriyah

Nasiriyah vart grunnlagd av Muntafiq-stamma seint på 1800-talet under osmanarane.[3] Han har sidan blitt eit stort trafikknutepunkt.[1] Nasiriyah er òg eit senter for daddeldyrking og andre næringar i byen er båtbygging, teppeveving og sølvarbeid.[4] Bymuseet har ei stor samling av sumerisk, assyriske, babylonske og abbasidiske ting. Ruinane av oldtidsbyane Ur og Larsa ligg i nærleiken.

KlimaEndra

Nasiriyah har ørkenklima (BWh i Köppen si klimaklassifisering).

Klimadata for An Nasiriyah (1976–2008)
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 17.0 20.2 25.4 31.8 38.5 42.7 44.8 44.8 42.0 35.4 25.9 19.0 32,29
Døgnmiddeltemp. °C 11.6 12.9 18.9 25.1 31.0 34.5 36.4 36.1 33.1 27.3 19.2 13.4 24,96
Normal min. temp. °C 6.2 8.1 12.4 18.4 23.5 26.3 28.0 27.4 24.2 19.2 12.5 7.7 6,2
Nedbør (mm) 27.4 18.1 20.9 13.3 4.3 0.2 0.0 0.0 0.7 6.3 14.0 22.5

Normal mengd nedbørdagar 7 6 5 6 4 0 0 0 0 3 5 6 42
Kjelde: World Meteorological Organization (UN)[5]

HistorieEndra

Tidleg historieEndra

 
Mandeisk gudshus i Nasiriyah, 2016.

Nasiriyah vart grunnlagd i 1872 av Nasir al-Saadun Pasha, sjeiken i Muntafiq-stamma, som byen er kalla opp etter.[3][6] Same året vart staden det administrative senteret i Muntafiq sanjak («distrikt»).[3] Nasir Pasha var leiar for den sunnimuslimske al-Saadun-klanen, som var den regjerande familien i Muntafiq, som hovudsakleg var sjiamuslimar. Då Nasiriyah vart grunnlagd, var makta til Muntafiq i Basra vilayet (Sør-Irak) gradvis svunne hen på grunn av sentraliseringa til osmanarane. Men Nasir Pasha vart utpeikt av osmanarane som leiar for provinsen og store landområdet vart lagt under hans namn.[3][6] Sonen hans, Saadun Pasha, vart mutassarif (skatteoppkrevjarar) i Nasiriyah, og innan 1908 styrte han i røynda Sør-Irak på deira vegne, etter at han hadde gjeve dei sterk støtte i eit opprør i 1908.[7]

Tidleg på 1900-talet hadde Nasiriyah kring 10 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane var sjiamuslimske arabarar, men det var òg kring 1 000 sunnimuslimske arabarar, 300 mandearar, 300 persarar, 200 etiopiarar, 150 jødar, 50 turkmenarar, 50 kurdarar og 20 innfødde kristne. Det var eit stort handelssenter i det osmanske Irak og importerte utanlandske varer via Bagdad og Basra. Dei viktigaste varene som Nasiriyah sjølv produserte var lêr, korn og ghi. Byen hadde kring 600 solide steinhus, men dei fleste bygningane og heimane var bygde av adobe. Det var kring 350 butikkar i Nasiriyah, i tillegg til fem khanar (vertshus). Området kring byen var rik på daddelpalmar og kornåkrar. Byen hadde ikkje bymur som mange av die andre store administrasjonssentra. I tillegg til å fungere som administrastive funksjonar i Muntafiq-distriktet, var Nasiriyah ein utpost og busetnad i ein generelt nomadisk region dominert av lokale beduin-stammer.[8]

Britisk og hashemittisk styreEndra

 
Krydderbutikk i Nasiriyah.

Under første verdskrigen erobra britane byen i juli 1915, som på den tida var kontrollert av Det osmanske riket. Kring 400 britar og indarar, og opp til 2 000 tyrkiske soldatar omkom i slaget om Nasiriyah den 24. juli 1915.[9]

I 1920 hadde Nasiriyah 6 523 innbyggjarar. Folkesetnaden var etnisk variert, der arabiske muslimar utgjorde 72,7 % av innbyggjarane, jødar 8 %, mandearar 9,7 %, persarar 4.6 %, lurar 4,3 % og kristne, tyrkarar og indarar resten.[2]

Den første cella av Det irakiske kommunistpartiet vart skipa i Nasiriyah av Yusuf Salman Yusuf (kjend som «Fahd») i 1930-åra.[10] Det var òg fødestaden til Fuad al-Rikabi, som skipa Det irakiske Baath-partiet i 1950-åra. På den tida bestod Irakiske Baath hovudsakleg av folk frå Nasiriyah, nemleg slektningar og vener av Rikabi.[11]

Moderne tidEndra

 
Barn frå Mumsuna-skulen i Nasiriyah er til stade på opninga av Ziggurat av Ur i 2009 (som hadde vore stengt etter den amerikanske invasjonen i 2003.

Under Gulfkrigen i 1991 var Nasiriyah det lengste punktet som koalisjonsstyrkane trengde inn i Irak, og amerikanske avdelingar nådde hovudvegen like utafor byen. I mars 1991, etter at amerikanarane trekte seg ut, tok sjiamuslimane i Nasiriyah del i opprøra mot styret til den irakiske presidenten Saddam Hussein. Opprøret var slått ned med vald av irakiske militære med store tap av menneskeliv og mykje fysisk skade. Mange av innbyggjarane vart massakrerte av irakiske regjeringsstyrkar.[12]

Fram til krigen i 2003 var Nasiriyah heimstad for eit av dei største mandeiske samfunna i Irak.[13]

Irakkrigen (2003-2010)Endra

I mars 2003 var Nasiriyah åstad for eit av dei første store slaga i invasjonen av Irak. 23. mars vart den amerikanske invasjonsstyrken utsett for eit bakhaldsåtak nær byen. 11 soldatar mista livet og tre kvinnelege soldatar vart tekne til fange. Slaget ved Nasiriyah varte frå 23. til 29. mars og totalt mista 18 amerikanske soldatar livet og over 150 vart skadde.[14] Byen har vore relativt roleg etter at Saddam Hussein fall. Ei bilbome tok livet av 19 italienske soldatar og 11 sivilie i november 2003, og det var småtrefningar her i april 2004.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Mockaitis, 2013, s. 291.
  2. 2,0 2,1 Field Museum of Natural History, 1940, s. 258.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Çetinsaya, 2006, s. 88.
  4. Dabrowska and Hann, 2008, s. 268.
  5. «World Weather Information Service – Nasiriya». World Meteorological Organization. Henta 27. februar 2021. 
  6. 6,0 6,1 Dickson, 1949, s. 554.
  7. Dickson, 1949, s. 556.
  8. Lorimer, 1915, s. 163-164.
  9. Tucker, Spencer (2005). World War I: encyclopedia. ABC-CLIO. Henta 27. februar 2021. 
  10. Ismael, 2008, s. 20.
  11. Al-Ali, 2007, s. 74.
  12. Mockaitis, 2013, s. 292.
  13. Dabrowska, Karen (2008). Iraq Then and Now: A Guide to the Country and Its People. Bradt Travel Guides. Henta 12. september 2009. 
  14. Marine captain faulted in friendly fire incident - CNN.com

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Nasiriyah