Les Diablerets
(Omdirigert frå Diablerets)
Les Diablerets er eit 3 210 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Vaud, vest i landet, og er det høgaste punktet i kantonen. Til vanleg vert Les Diablerets nytta som namn på heile fjellmassivet, som elles har fleire toppar enn sjølve hovudtoppen av Les Diablerets. Desse er:
- Oldenhorn
- Tête Ronde
- Scex Rouge
- Tour St. Martin (Quille du Diable)
- Culan
Diablerets | |||
fjell | |||
Nordsida av Les Diablerets, frå venstre: Oldenhorn, Scex Rouge og den lange ryggen til høgaste toppen
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 3 210 moh. | ||
Primærfaktor | 959 m ↓ ↓ Finsteraarhorn | ||
Koordinatar | 46°18′14″N 7°11′21″E / 46.30389°N 7.18917°E | ||
Les Diablerets 46°18′14″N 7°11′21″E / 46.303888888889°N 7.1891666666667°E | |||
Kart som viser Les Diablerets.
| |||
Wikimedia Commons: Les Diablerets (massif) |
Les Diablerets har to isbrear. Ein liten bre, Glacier des Diablerets, som ligg kring toppen av fjellet, og ein mykje større; Glacier de Tsanfleuron.
Ein skiutfartsstad med same namnet, Les Diablerets, ligg ved fjellet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Les Diablerets» frå Wikipedia på tysk, den 11. oktober 2009.