Opna hovudmenyen

Diann Roffe-Steinrotter (fødd 24. mars 1963) er ein USA-amerikansk alpin skirennar frå delstaten New York. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 1985 og olympisk meister i super-g i 1994.

Diann Roffe
Fødd 24. mars 1967
Warsaw
Yrke alpinist

AktivEndra

Framom VM i alpine greiner 1985 hadde Roffe ein åttandeplass i verdscupen som sin beste internasjonale prestasjon. Men i Bormio vann ho ein klar siger i storslalåmrennet, med austerrikske Elisabeth Kirchler og si eiga landskvinne Eva Twardokens på dei neste plassane. Seinare i 1985 viste ho at VM-triumfen ikkje berre kom av ein einsleg fullklaff, ho vann storslalåmtevlinga i verdscupen i heimlege Lake Placid og vart nummer to i Waterville Valley etter verdseinaren Vreni Schneider.

Dei neste sesongane klarde ho ikkje å hevde seg mot verdseliten, fyrst i november 1989 var ho tilbake på ein sigerspall i verdscupen i alpine greiner. Under Vinter-OL 1992 i Albertville vann ho ein sølvmedalje i storslalåm, delt med Anita Wachter frå Austerrike, svenske Pernilla Wiberg var ein suveren vinnar. To år seinare, 15. februar 1994, rende Roffe ned til olympisk gullmedalje i super-g under vinterleikaneLillehammer. Ein månad seinare gjorde ho omtrent som i 1985, i Vail vann ho sin einaste siger i eit verdscuprenn i nett den øvinga ho hadde vunne ein meistertittel. Ho la deretter bort slalåmskia.

Roffe stod ni gongar på pallen etter verdscuprenn (2-4-3), åtte av gongane i storslalåm.

KjelderEndra