Dick Parry (fødd 22. desember 1942) er ein britisk saksofonist, som har vore studiomusikar på fleire album til forskjellige artistar og band. Mest kjend er han nok for sine soloar i Pink Floyd-songane «Money», «Us and Them» og «Shine on You Crazy Diamond».

Dick Parry
DarkSideOfTheMoon1973.jpg
Fødd22. desember 1942, Kentford i England
FødestadEngland
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerProgressiv rock
InstrumentSaksofon
Tilknytte artistarPink Floyd, David Gilmour
Verka somSaksofonist

Han starta karrieren sin som ein ven til Pink Floyd-gitaristen David Gilmour, og var ein del av bandet hans på midten av 1960-talet kalla Joker's Wild. På 1970-talet overtalte Gilmour han til å bli med på enkelte av Pink Floyd sine studioalbum, i tillegg til mange konsertar mellom 1972 og 2006. Han har òg turnert med bandet Violent Femmes. I det siste har han vore med på David Gilmour sin soloturné etter albumet hans On an Island