Didius Julianus

romersk keisar i 193

Marcus Didius Julianus var ein romersk keisar. Han var keisar i to månader i 193 då føregangaren hans, Pertinax, vart drepen.

Didius Julianus

Fødd30. januar 133
FødestadMediolanum
Død1. juni 193
DødsstadRoma
FøregangarPertinax
EtterfølgjarSeptimius Severus
Gift medManlia Scantilla
FarQuinto Petronio Didio Severo
MorAemilia Clara
BornDidia Clara

Julianus vart vald til ny keisar av Pretorianargarden av di han baud garden mest for tittelen. Julianus var særs lite omtykt av folket i Roma, og det braut ut store demonstrasjonar mot Julianus og garden. Fleire generalar og legionar gjorde oppreist mot Julianus, mellom desse Septimius Severus. Severus hærtok Roma og tok over keisarmakta.

Kjelder

endre
  • Jon W. Iddeng (2018). Romerrikets historie - keisertida 2. Dreyers Forlag. s. 315.