Pertinax

romersk politikar

Publius Helvius Pertinax var ein romersk keisar. Han var keisar i tre månader i 193 fram til han vart drepen av soldatar frå Pretorianargarden.

Pertinax
Alba Iulia National Museum of the Union 2011 - Possible Statue of Roman Emperor Pertinax Close Up, Apulum.JPG
Fødd1. august 126
FødestadAlba i Italia
Død28. mars 193
DødsstadRoma
FøregangarCommodus
EtterfølgjarDidius Julianus
Gift medFlavia Titiana
FarHelvius Successus
BornPertinax Caesar, Helvia

Pertinax var son av ein frigjeven og var byprefekt før han tok over som keisar, etter at keisar Commodus vart drepen i ei samansverjing. Etter at Pertinax vart drepen, valde pretorianargarden Didius Julianus som ny keisar av di han baud garden mest for tittelen.

KjelderEndra

  • Jon W. Iddeng (2018). Romerrikets historie - keisertida. 2. Dreyers Forlag. s. 271 og 315.