Dieffenbachia

planteslekt
Dieffenbachia
Colpfl29.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Alismatales
Familie: Araceae
Underfamilie: Aroideae
Slekt: Dieffenbachia
Schott

Dieffenbachia er ei planteslekt i myrkonglefamilien.[1] På norsk blir plantar frå slekta stundom kalla prikkblad eller prikkbladplante.

Plantane kjem opphavleg frå dei tropiske regnskogane i Sør-Amerika der dei veks på bakken. Dei toler difor skugge ganske godt. Dieffenbachia-plantar er mykje brukt som stoveplantar på grunn av dei store og dekorative blada som ofte har vene mønster av ulik sort, avhengig av varietet. Særleg i 1970-åra var Dieffenbachia ein svært «trendy» potteplante. Det er særleg to arter som vert brukt som stoveplantar, den eine er Dieffenbachia maculata, som vert om lag 15–50 cm høg, den andre er Dieffenbachia seguine, som vert større og kraftigare enn den førstnemnde, opptil eit par meter høg.

Planten inneheld ei svært irriterande plantesaft som kan føra til hevingar av slimhinner i munn og svelg, og ein svidande reaksjon dersom ho kjem i kontakt med huda. Ein 5 år gammal gut skal ha døydd etter å ha ete av denne planten.[2] Ein bør bruka hanskar når ein skal handtera planten.

Dieffenbachia-plantar blomstrar sjeldan,[1] men på eldre planter kjem det av og til ein blome. Blomen minner om blomar til andre planter i myrkonglefamilien, men er grøn og tynn. Samanlikna med blada er han lite prangande.

I likskap med Epipremnum pinnatum (gullranke), som òg tilhøyrer myrkonglefamilien, skal Dieffenbachia ha visse luftreinsande eigenskapar.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 «Dieffenbachia». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018. 
  2. «En 5 år gammel gutt døde av denne planten - Nå ønsker faren å advare alle om planten som kan ta livet at et barn på 1 minutt!», OnlineNytt (på norsk bokmål), 13. desember 2017, henta 13. juli 2020