Diego Benaglio

sveitsisk fotballspelar

Diego Benaglio (fødd 8. september 1983) er ein sveitsisk fotballspelar, som spelar som keeper for det tyske laget Wolfsburg og det sveitsiske landslaget.

Diego Benaglio
Personleg informasjon
Fødd 8. september 1983
Fødestad Zürich
Høgd 193 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wolfsburg
Nummer 1
Ungdomsklubbar
1994-98
1998-99
Sveits Spreitenbach
Sveits Baden
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2002
2002-05
2003-05
2005-08
2008-
Sveits Grasshoppers
Tyskland Stuttgart
Tyskland Stuttgart II
Portugal Madeira
Tyskland Wolfsburg
23 (0)
0 (0)
37 (0)
69 (0)
64 (0)
Landslag
2006- Sveits Sveits 25 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2009

Benaglio vart fødd i Zürich. Den første fotballklubben hans var Grasshoppers i Zürich. Som ungt talent gjekk han derfrå til Stuttgart i Tyskland. Der var han tredjekeeper, under Timo Hildebrand og Thomas Ernst i rangordninga, seinare under Hildebrand og Dirk Heinen. Han fekk ingen A-lagskampar for Stuttgart, og då Hildebrand var om lag på same alder som han, såg Benaglio inga framtid i den tyske klubben. I 2005 gjekk han difor over til CD Nacional Madeira i den portugisiske ligaen.

22. januar 2008 kunngjorde Wolfsburg at den sveitsiske landslagskeeperen hadde skrive kontrakt med dei fram til sommaren 2012. Han fekk draktnummer 1 i 2008/09-sesongen og var med på å vinna den første Bundesligatittelen til Wolfsburg nokon sinne i den sesongen. I oktober 2009 forlenga han kontrakten med Wolfsburg til 2013.

Benaglio debuterte for det sveitsiske landslaget i ein vennskapskamp mot Kina 3. juni 2006, som Sveits vann 4-1. Han var med til fotball-VM i 2006 som Sveits sin tredjekeeper, etter Pascal Zuberbühler og Fabio Coltorti. 5. februar 2008 kunngjorde den dåverande landslagssjefen Köbi Kuhn at han satsa på Benaglio som førstekeeper til fotball-EM i 2008. Han har sidan forsvart denne posisjonen.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 9. mars 2010.