Diego Forlán

uruguayansk fotballspelar

Diego Martín Forlán Corazo (fødd 19. mai 1979 i Montevideo) er ein uruguayansk fotballspelar som har spela som spiss for Cerezo Osaka i den japanske J-ligaen, og for Uruguay sitt landslag.

Diego Forlán
U10 Diego Forlán 7524.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Diego Martín Forlán Corazo
Fødd 19. mai 1979 (41 år)
Fødestad Montevideo i Uruguay
Høgd 179 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Cerezo Osaka
Nummer 10
Ungdomsklubbar
Uruguay Peñarol
Uruguay Danubio
Argentina Independiente
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2002
2002-04
2004-07
2007-11
2011-12
2012-14
2014-
Argentina Independiente
Flag of England.svg Manchester United
Spania Villarreal
Spania Atlético Madrid
Italia Inter
Brasil Internacional
Japan Cerezo Osaka
80 (37)
63 (10)
106 (54)
134 (74)
18 (2)
34 (10)
13 (6)
Landslag
2002- Uruguay Uruguay 109 (36)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2014

Forlán kom til Europa då den engelske toppklubben Manchester United kjøpte han frå den argentinske klubben Independiente for 6,9 millionar pund i 2002. Han slo aldri heilt gjennom i Manchester, og brukte 27 kampar før han skåra det første målet sitt. Etter to sesongar vart han selt til Villarreal i Spania. Der vart han toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2004/05-sesongen. I 2007 gjekk han til Atlético Madrid, der han igjen vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2008/09-sesongen. Han var med på å vinna Europaligaen med Atlético i 2010. Med Uruguay sitt landslag var han med på å vinna Copa America i 2011. Under fotball-VM i 2010 vart han kåra til beste spelar i turneringa av FIFA.

BakgrunnsstoffEndra