Allan Ramsay (15. oktober 16867. januar 1758) var ein skotsk diktar, dramatikar, utgjevar, bibliotekar og parykkmakar frå den skotske opplysingstida.

Allan Ramsay
Allan-Ramsay.jpg
Fødd 15. oktober 1686
Leadhills
Død

7. januar 1758
Edinburgh

Yrke lyrikar, bibliotekar, librettist
Born Allan Ramsay
Diktaren Allan Ramsay på Commons

Ramsay var fødd i Leadhills i Lanarkshire som son av ein gruvestyrar, ohn Ramsay. Faren døydde i 1685, og mora Alice gifta sg opp att med ein lokal landeigar, Andrew Crichton. Ramsay var tidleg oppteken av skotsk folkedikting og historieforteljingar, og skal ha ønska å bli målar, men fekk ikkje løyve til dette av stefaren.[1]

Han blei utdanna som parykkmakar i Edinburgh, og dreiv si eiga forretning frå 1711. 14. desember 1712 gifta han seg med Christian Ross, som var dotter av forfattaren Robert Ross og Elizabeth Archibald. Dei fekk fleire barn. Den eldste sonen, Allan Ramsay, blei ein kjend portrettmålar.[1]

Allan Ramsay byrja skriva dikt som medlem av klubben Easy Club, som han var med på å grunnleggja i 1712. Dette var ein typisk festleg klubb som var vanleg i byar i den skotske opplysingstida.[1] I 1715 blei han utnemnd til klubbdiktar.

På 1720-talet gav Ramsay seg som parykkmakar og byrja i staden som bokseljar. Han selde etterkvart også kunstverk, medaljar, sølv og smykke.[1]

I 1733 kjøpte Ramsay ein eigedom på Castlehill i Edinburgh. Her bygde han Goose Pie House like ved Edinburgh Castle.[1]

VirkeEndra

How sweetly smells the simmer green;
⁠Sweet taste the peach and cherry;
Painting and order please our een,
⁠And claret makes us merry:
But finest colours, fruits and flowers,
⁠And wine, though I be thirsty,
Lose a' their charms, and weaker powers,
⁠Compar'd wi' those of Chirsty.

Første vers av «Bonnie Chirsty»[2]

Ramsay skreiv først høvesdikt, men samla også inn eldre låglandsskotsk dikting. I 1716 og 1718 gav han ut Christ's Kirk on the Green, transkribert frå Bannatyne-manuskriptet med eigne tillegg. I 1719 gav han ut Scots Songs og i 1724 første utgåve av The Tea-table Miscellany, ei samling av eigne, samtidige og eldre skotske dikt, og The Ever Green, ei samling skotske dikt skrivne før 1600. I 1725 gav han ut ein pastoral opera, The Gentle Shepherd.

Fables and Tales og A Tale of Three Bonnets frå 1722 var satirar om den nye unionen mellom Skottland og England. Fair Assembly (1723) kritiserte presbyterianarane for haldningane deira til dans.[1]

Gjennom arbeidet sitt søkte Ramsay å dra ei linje mellom dei store diktarane (makar) frå 1400- og 1500-talet til samtidig dikting, og inspirerte seinare store skotske diktarar som Robert Fergusson og Robert Burns. Han kritiserte «lånt staffasje» og «utanlandsk pynt» i diktinga,[3] og oppmuntra til å sjå til den enklare skotske tradisjonen.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Pittock, M (27. mai 2010). «Ramsay, Allan (1684–1758), poet». Oxford Dictionary of National Biography. 
  2. Frå The Book of Scottish Song (1843), red. Alexander Whitelaw
  3. «imported trimming» og «foreign embroidery in our writings»

BakgrunnsstoffEndra