Opna hovudmenyen
Tresnitt av Thomas Bewick frå boka Day, a Pastoral (1814)

Pastoral er eit omgrep som viser til noko idyllisk, knytt til det landlege og prega av enkelheit og fredfullheit. Ordet kjem frå latinsk pastoralis med same tyding som latinsk pastor, som tyder 'hyrding'. Pastoral er brukt om verk innan litteratur, kunst og musikk, både for å skildra verka og i nokre høve også som del av tittelen deira.

Døme på pastorale verk frå antikken er fleire «Idyll»-dikt av Theokrit frå Syrakus, diktverket Arbeid og dagar av Hesiod, Bucolica av Vergil og Epodar av Horats.

Nokre nyare døme er musikkverka Pastoralsymfonien av Beethoven, Rosamunda av Schubert, A Pastoral Symphony av Ralph Vaughan Williams og Pastoralsvit av Lars-Erik Larsson og litterære verk som The Shepheardes Calender og The Faerie Queene av Edmund Spenser, «A Country Life» av Katherine Philips. L'Astrée av Honoré d'Urfé og Pastoral av Nevil Shute.

KjelderEndra