Dilatans
Dilatans (av latinsk for «å utvide») er ein eigenskap hos somme konsentrerte dispersjonar av faste partiklar i ei væske, som til dømes sand i vatn, som gjer at viskositeten aukar med aukande flytesnøggleik. Dette skuldast at partiklane aktivt må presse kvarandre til side for å kome forbi kvarandre i flyteprosessen, slik at partikkelmassen utvidar seg. Dette fører igjen til at væska vert trekt innover i massen og etterlet ei tørrare overflate. Dette kan ein observerer når ein går eller sparkar i fuktig sand og vart først studert av Osborne Reynolds i 1885.
Dilatanse er eit teknisk viktig fenomen i samband med handsaming av konsentrerte dispersjonar av mange slag.
Kjelder
endre- dilatans. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/dilatans