Dilling stasjon

Dilling stasjon er ein jarnbanestasjon på Østfoldbanen, vestre line. Stasjonen ligg i Rygge i Moss kommune og opna i 1879. Frå 1983 er han ikkje lenger i bruk til passasjertransport.[1] Frå Dilling stasjon til Oslo S er det 65,34 km.[1]

Dilling stasjon

DillingTrainStation.JPG
Dilling stasjon i 2006

Stasjonsområde
Stad Rygge, Moss kommune
Distanse 65,34 km. frå Oslo S
Opna 2. januar 1879
Arkitekt Peter Andreas Blix
Linjer og rutedrift
Linje(r) Østfoldbanen
Overgang
Dilling stasjon

KulturminnetEndra

Da jarnbanen kom i 1879 vaks det fram eit miljø ved stasjonen knytt til landbruket i nærleiken. Miljøet utgjer stasjonsbygningane, eit meieri og ei mølle. Sjølve stasjonsbygninga i sveitserstil, godshuset og eit vedskjul er alle teikna av Peter Andreas Blix og er frå 1879. Meieriet er frå 1880 og mølla frå 1919. Miljøet med dei sju bygningane er verna etter Plan- og bygningsloven.[2]

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 «Dilling». Stasjonsdatabasen / Norsk Jernbaneklubb. Henta 22. oktober 2022. 
  2. «Dilling stasjon, Jernbaneanlegg». Kulturminnesøk / Riksantikvaren. Henta 22. oktober 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Dilling stasjon