Dina Asher-Smith (fødd 4. desember 1995) er ein britisk friidrettsutøvar frå Orpington som tevlar på sprintdistansane. Ho vart europameister på 200 meter under EM i friidrett 2016, og har to stafettmedaljar frå VM 2013 og EM 2016.

Dina Asher-Smith


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 4. desember 1995 (28 år)
Orpington
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 2018, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 200 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 100 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 100 meter stafett kvinner, VM i friidrett 2022

Utmerkingar

100 Women

Aktiv endre

Asher-Smith vann 200-meteren og sprang på Storbritannia sitt vinnarlag på 4 x 100 m stafett under junior-EM 2013 i italienske Rieti. Ein månad seinare deltok ho også på Storbritannia sitt bronselag i 4 x 100 m stafett då verdsmeisterskapen 2013 fann stad i Moskva. Også i 2014 vann ho ein EM-tittel for juniorar, men då på 100 meter i Eugene i USA.

I juli 2015 sette Asher-Smith personleg rekord på 100 meter med 10,99 sekundar under eit stemne i London. Ho kvalifiserte seg i august same året til finalen på 200 m i verdsmeisterskapen i Beijing. I finalen kom ho i mål på tida 22,07, ny britisk rekord, men ho vart likevel berre nummer fem i det som må ha vore det tidenes sterkaste felt i ein 200 meter for kvinner.

Asher-Smith vann EM-gull på 200 m og fekk eit sølv på 4 x 100 m stafett under friidretts-EM 2016 i Amsterdam.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre