Diskursanalyse
Diskursanalyse er ein metode i sosiolingvistikken og eit generelt omgrep for ei rekkje tilnærmingsmetodar for å analysera skriftlege, munnlege og semiologiske hendingar. Sosiolingvistikken er den delen av språkvitskapen som arbeider med høvet mellom språk og samfunn, som vil seia studiet av språket som sosialt fenomen. Diskursanalyse er ein kvalitativ metode som analyserer språklege ytringar formidla i ein gjeven kontekst – ein såkalla diskurs.[1] Ein diskurs er ei meiningsytring eller utveksling av kulturuttrykk på bestemde felt over tid. Diskursar kan etablera seg som eit sett kodar og teikn på eit område.[2] En diskursanalyse er såleis ein analyse om korleis ei særskild gruppe tenkjer og skildrar verda.[3] Diskursanalyse fell innanfor det sosialkontruktivistiske forskingsparadigmet.
Metode
endreMålet med ein diskursanalyse er å analysera det språklege og det materielle innhaldet i ein diskurs, dette gjer ein ved å studera og analysera det lingvistiske innhaldet i ein eller fleire tekstar.[4][5] I denne samanheng må ein forstå ordet tekst som eit vidt omgrep, som inneber alt som kan forståast som tekst, slik at til dømes samfunnsprosessar òg kan fortolkast som tekst. Døme på potensielle kjelder for materiale kan vera aviser, reklame, offentlege arkiv, bloggar osfr.
I ein diskursanalyse vert ikkje forskaren sedd på som objektiv. Dette tyder ikkje nødvendigvis at forskaren bør vera objektiv som eit ideal, men at forskaren må forstå at han er subjektiv av natur. For å gjera ein diskursanalyse i eit tema bør ein difor ha god kunnskap innanfor området og forstå temaet som vert analysert før ein byrjar med sjølve analysen. Det ulike måtar å utføra ein diskursanalyse på i praksis, eit døme er Neumann som føreslår tre tema som bør sjåast på:[6]
- Avgrensing
- Representasjon
- Lagdeling
Avgrensing handlar om å avgrensa – eller konkretisera – diskursane som skal inkluderast og materialet som vert analysert. Dersom forskaren skal sjå på innvandring i Noreg som hovuddiskurs er det mange tema som kan vera interessante å inkludera, som representasjonar av innvandrarar som kriminelle, asyldebatt, rasisme, politiske meiningar, formuleringar i lov og ytringsfridom, og også meir spesifikke debattar slik som debatten om bruk utanlandske flagg i 17. mai-tog.[7] Det vil vera svært vandt for ein forskar å studera alle desse områda i eitt forskingsprosjekt. Difor må forskaren avgrensa studiet til kva han meiner er mest relevant.
I eit sosialkonstruktivistisk verdsbilete (ontologi) er det tillate å diskutera i kva for ein grad det finst ein røyndom utanfor den menneskelege oppfatninga, i den forstanden kan røyndom forståast som delte representasjonar.[8] Ulike representasjonar kan dimed sjåast som konkurrerande røyndomar. I ein diskurs finn ein ofte ein dominerande røyndom og ein eller fleire mindre konkurrerande røyndomar. Det å sjå på representasjonar kan avdekka maktstrukturar og lag med meiningar. Dei ulike røyndomane kan avdekkast og skildrast igjennom til dømes ein innhaldsanalyse.
Når ein forskar dinest skal sjå på lagdeling er det varigskapen til dei ulike linjene i diskursen som er temaet. Her ser ein på korleis ei oppfatning av røyndomen utviklar seg og spreier seg. Det kan òg vera interessant å studera korleis omgrep vert definert i denne samanhengen. Til dømes i debatten om innvandring kan det vera at både «meir innvandring»- og «mindre innvandring»-sida i debatten ynskjer å definera omgrep som «inkludering» og «asylsøkjar» og forutan òg relaterte omgrep som sosial dumping for di meiningsinnhaldet i slike omgrep påverkar verdsbiletet til dei som nyttar desse orda.
Kjelder
endre- ↑ Grue, Jan (2. mars 2023). «diskursanalyse». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Berkaak, Odd Are og Ivar Frønes (2005): Tegn, tekst og samfunn. Abstrakt forlag.
- ↑ Christina Haandbæk Schmidt. «Diskursanalyse» (på dansk). Læremiddel.dk · Nationalt Videncenter for Læremidler. Henta 16. mars 2023.
- ↑ Neumann, Iver B. (2001): Mening, materialitet, makt – en innføring i diskursanalyse. Bergen: Fagbokforlaget.
- ↑ Winther Jørgensen, Marianne og Louise Phillips (1999): Diskursanalyse som teori og metode. København: Samfundslitteratur.
- ↑ Neumann, Iver B. 2001, s. 53–59.
- ↑ Svarstad, Jørgen (2. mai 2013): «-Veldig rart å gå med andre flagg enn det norske» Arkivert 2014-10-06 ved Wayback Machine. Osloby.no
- ↑ Wright, Edmond (2005): Narrative, Perception, Language, and Faith. Basingstoke: Palgrave Macmillan, s. 103–120.
- Denne artikkelen bygger på «Diskursanalyse» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- «The Discourse Attributes Analysis Program (DAAP)», The Referential Process.
- Harris, Zellig S. (1952). «Discourse Analysis». Language 28 (1): 1–30.
- Caroline Nesbø Baker. «Korleis gjere diskursanalyse?». NDLA.