Diskusjon:Romsdaling

Siste kommentar: for 13 år sidan av CartoonistHenning i emnet ę = æ?

Olve, det som er problemet er at dei teikna du brukar for tjukk l og for palatal n begge berre visest som firkantar på maskina mi, og på maskina eg brukar på arbeid gjeld det same teiknet for tjukk l, mens palatal n er grei. Viss det er slik at mange maskiner ikkje kan vise dei teikna du har sett inn for tjukk l og palatal n, tykkjer eg det var betre slik eg skreiv det. Elles har romsdalsk berre palatal n i ord som "gutan'" på bygdene, i Molde (og på Åndalsnes, vil eg tru) blir ordet uttala /guttann/ utan palatalisering.--Erling 14. mar 2005 kl. 1612 (UTC)

Kanskje vi burde finne eit teikn som er meir praktisk brukande da, i påvente av betre attgjeving av Unicode... Her er to andre teikn som evt. kan brukast for tjukk l: kałv, kaɽv. Det kan òg tenkjast at problemet bør løysast på brukarenden, med oppdatering av fontar og/eller nettlesar. I så fall bør vi setje opp ei godt synleg hjelpeside om dette. Når det gjeld palatale konsonantar, så kan det vera litt lettare å hanskast med utan spesialteikn — vi kan eventuelt berre bruke konvensjonen om i+dobbel konsonant: «hainnhoinn e bainn», «baill», «tuill». Problemet med slike reserveløysingar er at vi likevel bør ha ei brukande lydskrift for vanskelege ord frå t.d. engelsk, fransk og andre språk.
Når det gjeld palatal i grammatisk ending, så manglar no dette i kristiansundsdialekten òg, og det er vel generelt eit vanleg trekk i midtnorske by- og sentrumsmål. Eg lurer på om den fonologiske analysen i by- og sentrumsmål heller burde vera /gu:tan/ el. /gut:an/ med enkel -n i endinga. Trur det er lurt å skilje ut bymåla i eige avsnitt, og med tilvising til eigne artiklar for meir utførleg skildring. -- Olve 14. mar 2005 kl. 1824 (UTC)
Eg reknar med at problemet kan løysast ved å lasta ned fontar, ein av dei eg har nemnd på Wikipedia:Samfunnshuset burde kunna fungera for dei fleste. Dette er likevel ei dårleg løysing. Kva operativsystem brukar du Erling? Har du prøvd desse instruksjonane?
Eg har Windows 98 heime, og på arbeid har eg Windows 2000. Ingen av dei tar altså teiknet for tjukk l, mens maskina på arbeid tar teiknet for palatal n. Men om eg kan fikse det slik at eg kan lese desse teikna er ikkje det viktige her. Det viktige må vel vere å lage artiklar som kan lesast og brukast av vanlege skoleelevar og studentar og kvensomhelst. Og da kan vi vel ikkje føresetje at dei har det nyaste nye og mest avanserte, alle desse? --Erling 14. mar 2005 kl. 2012 (UTC)

Glømte å seie at dei to andre teikna for tjukk l som Olve har i teksten over, også kjem fram som tomme firkantar her hos meg.--Erling 14. mar 2005 kl. 2018 (UTC)

Er det mogleg å bruke noen matematiske teikn? Dei i wiki-systemet som det blir laga png-bilde av når sida lastas inn i nettlesaren. --Kristian André 14. mar 2005 kl. 2023 (UTC)
Windows 98 (Windows ME og 2000 og XP; og Skolelinux og dei fleste andre nokolunde oppdaterte linuxdistribusjonar; og MAC-OS X 10.2+) greier dette utan problem om du har dei rette fontane installerte og om du brukar rimeleg nye versjonar av nettlesarane. Skal prøve å komma tilbake til dette snart. I mellomtida kan du sjå på sida http://utne.nvg.org/j/fontar.html . Dette skal vera greitt å setja opp for ein systemadministrator/nettverksansvarleg på ein skule... -- Olve 14. mar 2005 kl. 2057 (UTC)

Dersom me skal bruka Unicode i artiklar, og i mange høve er det den einaste løysinga, kunne det vera ein ide idé å laga ein unicode-mal, slik dei bruker på mange wikiprosjekt. Døme:

Denne artikkelen bruker Unicode. Dersom du ikkje kan sjå desse teikna, ta ein kikk på Wikipedia:Korleis bruka Unicode.

Me bør sjølvsagt ha hjelpeartikkelen inne først. -- Ranveig 15. mar 2005 kl. 0940 (UTC)

ę = æ?

endre

Sjøl snakka i romsdaling/gossing, ó flærtall "hest" e hestæn mæ æ. Dé e mær æ istannfer e, men ka e forskjæln på ę ó æ? På Målje/Målle sæ dæ hestana (forfining tå språkje? Normørsk?). So ka e sammenhængen hér? (Vil ha en unntak å skrive en av de offisielle målformene, hvis det er okei) CartoonistHenning 11. august 2011 kl. 13:51 (CEST)Svar

Tilbake til siden «Romsdaling».