District-linja
Linjer i London Underground | ||||||||||||||||||||||||||||
|
District-linja er ei linje i London Underground, som går på grunt nivå under sentrum. Ho blei bygd mellom 1868 og 1871. Linja var eigd privat fram til 1930-åra, då den blei nasjonalisert. District-linja er markert med grøn farge på undergrunnskartet.
Linja hadde ein periode greiner som gjekk til Uxbridge og Hounslow West, men desse er nå ein del av Piccadilly-linja. Mellom 1883 og 1885 gjekk linja til Ealing Broadway og Windsor i Berkshire. Frå 1910 gjekk det ei linje heilt ut til Southend i Essex og frå 1911 ei til Shoeburyness, men desse blei stengde 30. september 1939, og dei blei ikkje gjenopna etter andre verdskrig.
Ansvarleg for vedlikehald og utvikling av stasjonar og linjemateriell etter den privat-offentlege avtalen mellom britiske transportstyresmakter og to private jernbaneforetak («Public-Private Partnership») er Metronet Rail.
Kart
endreStasjonar
endreFrå vest mot aust
Richmond-greina
endre- Richmond
- Kew Gardens
- Gunnersbury
Ealing-greina
endre- Ealing Broadway
- Ealing Common
- Acton Town
- South Acton (stengt)
- Chiswick Park
Richmond- og Ealing-greinene møter kvarandre rett vest for Turnham Green.
- Turnham Green
- Stamford Brook
- Ravenscourt Park
- Hammersmith
- Barons Court
- West Kensington
Wimbledon-greina
endre- Wimbledon
- Wimbledon Park
- Southfields
- East Putney
- Putney Bridge
- Parsons Green
- Fulham Broadway
- West Brompton
Kensington (Olympia)-greina
endre- Kensington (Olympia)
Kensington (Olympia)-greina sluttar seg til hovudlinja vest for Earl's Court, men toga frå denne greina held fram som normalt til Edgware Road-greina.
Wimbledon-greina sluttar seg til hovudlinja vest for Earl's Court.
Hovudlinja
endre- Earl's Court
- Gloucester Road
- South Kensington
- Sloane Square
- Victoria
- St. James's Park
- Westminster
- Embankment - I gangavstand frå Charing Cross jernbanestasjon
- Temple
- Blackfriars
- Mansion House
- Cannon Street
- Bank og Monument
- Mark Lane (stengt)
- Tower Hill - for Fenchurch Street jernbanestasjon
- Tower of London (stengt)
- Aldgate East
- St Mary's (Whitechapel Road) (stengt)
- Whitechapel
- Stepney Green
- Mile End
- Bow Road
- Bromley-by-Bow
- West Ham
- Plaistow
- Upton Park
- East Ham
- Barking
- Upney
- Becontree
- Dagenham Heathway
- Dagenham East
- Elm Park
- Hornchurch
- Upminster Bridge
- Upminster
Edgware Road-greina
endreEdgware Road-greina startar aust for Earl's Court.
- High Street Kensington
- Notting Hill Gate
- Bayswater
- Paddington
- Edgware Road
Bakgrunnsstoff
endre- Denne artikkelen bygger på «District-linja» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juni 2008.