Distriktet Albula
Distriktet Albula (tysk Bezirk Albula, retoromansk dertgira Alvra) er eit tidlegare sveitsisk distrikt midt i kantonen Graubünden. Distriktet hadde namn etter elva Albula (retoromansk Alvra) og omfatta dalen der ho renn, og så dalen der bielva Julia (retoromansk Gelgia) renn. Distriktet dekte eit areal på 723 km² og hadde 8700 innbyggarar. Området var tidlegare dominert av retoromansktalande, men tysk var seinare med sine 66 % det mest nytta språket i distriktet. Retoromansk er framleis fleirtalsspråk i fleire kommunar. Tre prosent snakkar italiensk; mesteparten av desse bur i kommunen Bivio lengst sør i distriktet.
Albula | |||
Bezirk Albula, Dertgira Alvra, Distretto di Albula | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Graubünden | ||
Hovudstad | Tiefencastel | ||
Areal | 693,47 km² | ||
Folketal | 8 227 (2010) | ||
Kommunar | 22 | ||
Distriktet Albula 46°39′43″N 9°34′32″E / 46.6619°N 9.5756°E | |||
Kart som viser Distriktet Albula.
| |||
Wikimedia Commons: Albula (district) |
Distrikta i Graubünden var reint administrative einingar. Distriktet blei erstatta med Albula-regionen 1. januar 2017 som del av ei omorganisering av kantonen.[1]
Distriktet Albula var delt opp i fire krinsar (tysk Kreis, retoromansk circul) og til saman 23 kommunar. Krinsane og kommunane var:
Kreis Alvaschein / Circul Alvaschagn | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kommunenamnn |
Areal (km²) |
Innbyggar- tal |
Språk | ||
tysk | retoromansk | italiensk | |||
Alvaschein | 4 | 143 | 53 % | 40 % | 3 % |
Mon | 8 | 91 | 45 % | 52 % | 1 % |
Mutten | 10 | 87 | 99 % | 1 % | 0 % |
Stierva | 11 | 134 | 33 % | 66 % | 1 % |
Tiefencastel | 15 | 261 | 58 % | 38 % | 1 % |
Vaz/Obervaz | 43 | 2641 | 82 % | 9 % | 2 % |
Heile krinsen | 91 | 3357 | 76 % | 16 % | 2 % |
Kreis Belfort / Circul Belfort | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kommunenamnn |
Areal (km²) |
Innbyggar- tal |
Språk | ||
tysk | retoromansk | italiensk | |||
Alvaneu | 36 | 421 | 76 % | 17 % | 3 % |
Brienz/Brinzauls | 13 | 114 | 68 % | 32 % | 0 % |
Lantsch/Lenz | 22 | 505 | 54 % | 37 % | 2 % |
Schmitten | 11 | 266 | 94 % | 1 % | 1 % |
Surava | 7 | 200 | 78 % | 11 % | 2 % |
Heile krinsen | 89 | 1506 | 71 % | 21 % | 2 % |
Kreis Bergün / Circul da Bravuogn | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kommunenamn |
Areal (km²) |
Innbyggar- tal |
Språk | ||
tysk | retoromansk | italiensk | |||
Bergün/Bravuogn | 146 | 505 | 84 % | 11 % | 3 % |
Filisur | 44 | 487 | 85 % | 3 % | 7 % |
Heile krinsen | 220 | 1339 | 88 % | 6 % | 4 % |
Circul Surses / Kreis Surses | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kommunenamnn |
Areal (km²) |
Innbyggar- tal |
Språk | ||
tysk | retoromansk | italiensk | |||
Bivio | 77 | 220 | 55 % | 12 % | 29 % |
Cunter | 7 | 215 | 36 % | 51 % | 6 % |
Marmorera | 19 | 47 | 57 % | 35 % | 6 % |
Mulegns | 34 | 27 | 42 % | 58 % | 0 % |
Riom-Parsonz | 56 | 335 | 34 % | 64 % | 2 % |
Salouf | 31 | 213 | 20 % | 78 % | 1 % |
Savognin | 22 | 982 | 37 % | 53 % | 4 % |
Sur | 23 | 84 | 22 % | 75 % | 3 % |
Tinizong-Rona | 54 | 353 | 39 % | 50 % | 3 % |
Heile krinsen | 323 | 2476 | 37 % | 53 % | 6 % |
Folketal og språkdelar byggjer på folketeljinga frå 2005.
Kjelder
endre- ↑ Swiss Federal Statistical Office - Amtliches Gemeindeverzeichnis der Schweiz - Mutationsmeldungen 2016 accessed 16 February 2017
- Denne artikkelen bygger på «Distriktet Albula» frå Wikipedia på bokmål, den 24. januar 2012 og 12. april 2017