Distriktet Brčko
Distriktet Brčko[a] er ei sjølvstyrande administrativ eining nord i Bosnia-Hercegovina. Hovudsetet i distriktet er byen Brčko.
Distriktet Brčko | |||
Брчко Дистрикт Brčko Distrikt Matjažščina Okraj Újmiskolci Kerület | |||
distrikt | |||
Nattleg utsyn over Brčko
| |||
Land | Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Areal | 493 km² | ||
Folketal | 83 516 (2013[1]) | ||
Brčko-distriktet 44°52′25″N 18°48′25″E / 44.873611111111°N 18.806944444444°E | |||
Distriktet Brčko i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina
| |||
Wikimedia Commons: Brčko District |
Etter Daytonavtalen frå 1995,[2] som gjorde slutt på Bosnia-krigen, er distriktet Brčko formelt sett eit kondominium mellom dei to føderale einingane.[3] I praksis fungerer det som eit lokalt sjølvstyrande område underlagt nasjonalstaten Bosnia-Hercegovina.[4] Brčko er ikkje formelt ein kommune, men blir i statistiske samanhengar handsama på linje med kommunane.
Folketal
endreVed dei siste folketeljingane var folketalet:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
---|---|---|
Distriktet Brčko | 87 627 | 83 516 |
Busetnader
endreDette er dei største busetnadene i distriktet Brčko:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | ||
---|---|---|---|
Brčko* | 41 406 | 39 893 | |
Gornji Rahić | 2 167 | 3 403 | |
Maoča | 2 996 | 3 030 | |
Brka | 2 044 | 2 234 | |
Skakava Donja | 2 272 | 2 037 | |
Bijela | 2 539 | 1 923 | |
Byar er merkte med * |
Merknader
endre- ↑ bosnisk og serbisk Брчко Дистрикт, Brčko Distrikt, offisielt Брчко Дистрикт Босне и Херцеговине, Brčko Distrikt Bosne i Hercegovine
kroatisk Brčko Distrikt, offisielt Brčko Distrikt Bosne i Hercegovine
slovensk Matjažščina Okraj, offisielt Majtažščina Okraj Bosne in Hercegovine
ungarsk Újmiskolci Kerület, offisielt Bosznia-Hercegovina Újmiskolci Kerülete
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.
- ↑ «Final Award - Arbitral tribunal for dispute over inter-entity boundary in Brcko area». Brcko Arbitral Tribunal. Office of the High Representative. 5. mars 1999. Arkivert frå originalen 25. oktober 2023. Henta 18. desember 2024.
- ↑ «Is Brcko District a condominium, an entity or a municipality?». Office of the High Representative. 12. mai 2003. Henta 18. desember 2024.