Distriktet Dubăsari i Transnistria
Distriktet Dubăsari[a] er eit distrikt i Transnistria. I tillegg til byen Dubăsari, som er ein mindre bykommune og hovudsete i distriktet, omfattar distriktet 10 landkommunar.[2] Av Moldova er området rekna for å høyre til den autonome regionen Venstre breidd av Dnister.[3]
Distriktet Dubăsari i Transnistria | |||
Raionul Dubăsari Дубоссарский район Дубоссарський район | |||
distrikt | |||
Land | Transnistria | ||
---|---|---|---|
Areal | 381,2 km² | ||
Folketal | 31 000 (2015[1]) | ||
Dubăsari District 47°16′00″N 29°09′00″E / 47.266666666667°N 29.15°E | |||
Distriktet Dubăsari innanfor Transnistria
| |||
Wikimedia Commons: Dubăsari District, Transnistria |
Delt distrikt
endreDet opphavlege distriktet Dubăsari låg på båe sider av elva Dnister. Etter Transnistriakrigen er distriktet delt mellom Transnistria og distriktet med same namn i Moldova, men slik at Moldova òg kontrollerer delar av området på austsida av elva. I praksis er Transnistria delt i to av moldovisk-kontrollerte område.
Administrativ inndeling
endrei tillegg til bykommunen Dubăsari har distriktet desse landkommunane:
- Comisarovca Nouă med busetnadene Comisarovca Nouă, Bosca, Coșnița Nouă og Pohrebea Nouă
- Crasnîi Vinogradari med busetnadene Crasnîi Vinogradari, Afanasievca, Alexandrovca Nouă, Calinovca og Lunga Nouă
- Doibani med busetnadene Doibani I, Doibani II og Coicova
- Dubău med busetnadene Dubău og Goianul Nou
- Dzerjinscoe
- Goian med busetnadene Goian og Iagorlîc
- Harmațca
- Lunga
- Țîbuleuca
Landsbyen Roghi, som av Moldova er rekna for å høyre til den moldavisk-kontrollerte kommunen Molovata Nouă, er òg administrert som ein eigen kommune i dette distriktet.
Folketal
endreFolketal 2004[4] | Folketal 2015[1] | |
---|---|---|
Dubăsari | 23 650 | – |
Comisarovca Nouă | 1 357 | – |
Crasnîi Vinogradari | 1 105 | – |
Doibani | 1 901 | – |
Dubău | 724 | – |
Dzerjinscoe | 1 271 | – |
Goian | 684 | – |
Harmațca | 1 271 | – |
Roghi | 770 | – |
Lunga | 3 271 | – |
Țîbuleuca | 1 445 | – |
Distriktet Grigoriopol | 37 449 | 31 000 |
Dette var dei største busetnadene i distriktet Dubăsari i 2004:
Kommune | Folketal 2004[4] | |
---|---|---|
Dubăsari* | Dubăsari | 23 650 |
Lunga | Lunga | 3 271 |
Țîbuleuca | Țîbuleuca | 1 445 |
Harmațca | Harmațca | 1 271 |
Dzerjinscoe | Dzerjinscoe | 1 271 |
Byar er merkte med * |
Merknader
endreKjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Перепись населения ПМР (Folketeljing Transnistria)». NewsPMR.Com. Henta 19. oktober 2024.
- ↑ «Об административно-территориальном устройстве Приднестровской Молдавской Республики (Редакция на 27.10.2016) (Om den administrativ-territorielle strukturen av Den pridnestroviske moldoviske republikken (revidert 27.10.2016))». Министерство юстиции Приднестровья (Justisdepartementet i Transnistria). 17. juni 2002. Henta 24. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764 av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ 4,0 4,1 «Population statistics of Eastern Europe & former USSR: Transnistria - Ethnic composition: 2004 census». mashke.org. Henta 23. oktober 2024.