Transnistria
Transnistria (òg kalla Trans-Dnestr, Transdniestria og Pridnestrovie), fullt namn Den pridnestroviske moldoviske republikken, er ein region som offisielt høyrer til Moldova, og sjølv om det ikkje er respektert av andre statar eller internasjonale organisasjonar er han de facto ein sjølvstendig stat.[1][2][3] Transnistria fungerer i dag som ein republikk med eigen president, regjering, parlament, militær, politi og postsystem. Styresmaktene har vedteke eige flagg, nasjonalsong og riksvåpen.
Transnistria | |||
sjølvstendig område | |||
|
|||
Land | Moldova | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Tiraspol | ||
Areal | 4 163,0 km² | ||
Folketal | 469 000 (2018) | ||
Språk | Rumensk, russisk og ukrainsk | ||
Transnistria 46°50′32″N 29°37′28″E / 46.842222222222°N 29.624444444444°E | |||
Administrativt kart over Moldova med Transnistria utheva i gult.
| |||
Wikimedia Commons: Transnistria |
Transnistria består av ei lang og smal landstripe mellom elva Dnestr og Ukraina, som i areal er mindre enn halve Rogaland fylke. Området var opphavleg ein del av Ukraina, men vart overført til Moldaviske SSR i 1940. Dette skjedde trass i at det budde få moldovarar i området. Etter Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991, vurderte Moldova å verte ein del av Romania. Transnistria valde då å lausrive seg og dette førte til krig med Moldova som starta i mars 1992 og enda med våpenkvile i juli same år. Den politiske situasjonen er derimot framleis ikkje løyst og Transnistria har i praksis vore sjølvstendig sidan den gong. Transnistria vert stundom samanlikna med andre tidlegare sovjetiske område som Nagorno-Karabakh, Abkhasia og Sør-Ossetia.[4][5]
Mykje av Moldova sin industri låg nettopp i Transnistria, og tapet av denne regionen har råka Moldova hardt. Transnistria livnærer seg av handel med Ukraina og Russland, men òg av smugling.
Kjelder
endre- ↑ , Jos Boonstra, Senior Researcher, Democratisation Programme, FRIDE. Moldova, Transnistria and European Democracy Policies Arkivert 2018-08-08 ved Wayback Machine., 2007
- ↑ Gerald Hinteregger, Hans-Georg Heinrich (editors), Russia - Continuity and Change, Gerald Hinteregger; Heinrich Hans-Georg (2004). Russia - Continuity and Change. Springer. s. 174. ISBN 3211223916.
- ↑ FrancisRosenstiel; Edith Lejard, Jean Boutsavath, Jacques Martz (2002). Annuaire Europeen 2000/European Yearbook 2000. Martinus Nijhoff Publishers. ISBN 9041118446.
- ↑ OSCE: De Gucht Discusses Montenegro Referendum, Frozen Conflicts, GlobalSecurity.org, Radio Free Europe/Radio Liberty, Mai 2006
- ↑ Vladimir Socor, Frozen Conflicts in the Black Sea-South Caucasus Region Arkivert 2007-12-16 ved Wayback Machine., IASPS Policy Briefings, 1. mars 2004
- Denne artikkelen bygger på «Transnistria» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2008.