Distriktet Gjakova

Distriktet Gjakova[a] er eit av dei sju distrikta som kommunane i Kosovo er grupperte i. Distriktet omfattar fire kommunar. Ved folketeljinga i 2024 hadde distriktet 152 311 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]

Gjakova
Ђаковица • Đakovica
distrikt
Land  Kosovo
Folketal 152 311  (2024)[1]
Kart
Distriktet Gjakova
42°23′N 20°26′E / 42.39°N 20.43°E / 42.39; 20.43
Kart som viser Distriktet Gjakova.
Kart som viser Distriktet Gjakova.
Kart som viser Distriktet Gjakova.
Wikimedia Commons: Gjakova District
Kommune Areal[2] Folketal 2011[3] Folketal 2024[1]
(førebels tal)
Deçan 293,97 40 019 27 758
Gjakova 586,62 94 556 78 824
Junik 77,78 6 084 3 952
Rahovec 275,90 56 208 41 777
Totalt 1 234,27 196 867 152 311

Historie

endre

Det noverande distriktet Gjakova vart sett saman av dei to kommunane Dečani (Deçan) og Đakovica (Gjakova) frå det tidlegare distriktet Peć i den autonome provinsen Kosovo og Metohija i Serbia, i tillegg til kommunen Orahovac (Rahovec) frå det tidlegare distriktet Prizren. Ein del busetnader vart overførde frå Rahovec til den nye kommunen Malisheva.

Med utgangspunkt i lov nr. 03/L-041 av 02.06.2008 er det seinare skild ut ein ny kommune Junik frå nokre busetnader i kommunen Deçan.[4]

Busetnader

endre

I 2011 hadde distriktet 196 867 innbyggjarar.[3] Dei største busetnadene i kommunen var:

Kommune Folketal 2011[5]
Gjakova Gjakova 40 827
Rahovec Rahovec 15 892
Junik Junik 6 053
Damjan Gjakova 5 133
Mejë Gjakova 4 888
Krushë e Madhe Rahovec 4 473
Rogovë Gjakova 4 115
Isniq Deçan 3 871
Deçan Deçan 3 803
Ratkoc Rahovec 3 791
Strellc i Epërm Deçan 3 347
Xërxë Rahovec 3 184
Brekoc Gjakova 2 948
Radostë Rahovec 2 346
Bellacërkë Rahovec 2 270
Skivjan Gjakova 2 254
Prilep Deçan 2 165
Strellc i Ulët Deçan 2 114
Carrabreg i Ulët Deçan 2 059

Merknader

endre
  1. albansk Rajoni i Gjakovës, serbisk Ђаковички округ, Đakovički okrug

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Population and housing census in Kosovo preliminary results - July 2024» (PDF). juli 2024. Henta 18. september 2024. 
  2. Komisioni për majten e territorit të Republikës së Kosovës. «RAPORT – FAKTOGRAFIK: Matja e territorit të Republikës së Kosovës» (PDF) (på albansk). Zyra e Kryeministrit (Statsministerens kontor). s. 52. Arkivert frå originalen (PDF) 22. september 2020. Henta 2. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Population by sex, marital status and municipality 2011». ask – Agjencia e statistikave të Kosovës. 2011. Henta 18. september 2024. 
  4. «Law on adminstrative municipial boundaries» (PDF). mapl.rks-gov.net. Ministria e Administrimit të Pushtetit Lokal. 2. juni 2008. Henta 23. september 2024. 
  5. «Census Population: Census 2011: By Settlements». ask – Agjencia e statistikave të Kosovës. 2011. Henta 20. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Gjakova