Distriktet Slobozia
Distriktet Slobozia[a] er eit distrikt i Transnistria. I tillegg til byen Slobozia, som er ein mindre bykommune og hovudsete i distriktet, omfattar distriktet 12 landkommunar.[2] Av Moldova er området rekna for å høyre til den autonome regionen Venstre breidd av Dnister.[3]
Distriktet Slobozia | |||
Raionul Slobozia Слободзейский район Слободзейський район | |||
distrikt | |||
Land | Transnistria | ||
---|---|---|---|
Areal | 873,24 km² | ||
Folketal | 83 798 (2015[1]) | ||
Slobozia District 46°44′00″N 29°42′00″E / 46.73333333°N 29.7°E | |||
Distriktet Slobozia innanfor Transnistria
| |||
Wikimedia Commons: Slobozia District |
Administrativ inndeling
endreTil bykommunen Slobozia blir rekna:
- byen Slobozia
- den bymessige busetnaden Crasnoe, i Moldova rekna som ein eigen bykommune
- den bymessige busetnaden Pervomaisc, i Moldova rekna som ein eigen landkommune
Landkommunane i distriktet er:
- Blijnii Hutor
- Caragaș
- Cioburciu
- Corotna
- Frunză med busetnadene Frunză, Andriașevca Nouă, Andriașevca Veche, Novocotovsc, Novosavițcaia stasjon, Priozernoe og Uiutnoe
- Hlinaia
- Nezavertailovca
- Parcani
- Sucleia
- Tîrnauca
- Vladimirovca med busetnadene Vladimirovca, Constantinovca og Nicolscoe
Landsbyen Chițcani, som av Moldova er rekna for å vere ein kommune i distriktet Căușeni, er òg administrert som ein eigen kommune i dette distriktet.
Folketal
endreFolketal 2004[4] | Folketal 2015[1] | |
---|---|---|
Slobozia | 23 477 | – |
Blijnii Hutor | 7 291 | – |
Caragaș | 4 766 | – |
Chițcani | 9 266 | – |
Cioburciu | 7 176 | – |
Corotna | 3 625 | – |
Frunză | 2 751 | – |
Hlinaia | 5 251 | – |
Nezavertailovca | 4 742 | – |
Parcani | 10 543 | – |
Sucleia | 10 001 | – |
Tîrnauca | 5 015 | – |
Vladimirovca | 1 838 | – |
Distriktet Slobozia | 95 742 | 83 798 |
Merknader
endreKjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Перепись населения ПМР (Folketeljing Transnistria)». NewsPMR.Com. Henta 19. oktober 2024.
- ↑ «Об административно-территориальном устройстве Приднестровской Молдавской Республики (Редакция на 27.10.2016) (Om den administrativ-territorielle strukturen av Den pridnestroviske moldoviske republikken (revidert 27.10.2016))». Министерство юстиции Приднестровья (Justisdepartementet i Transnistria). 17. juni 2002. Henta 24. oktober 2024.
- ↑ «Lege Nr. 764 din 27-12-2001 privind organizarea administrativ-teritorială a Republicii Moldova (Lov nr. 764 av 27. desember 2001 om administrativ-territoriell organisering i Republikken Moldova)». Ministerul Justiției (Justisdepartementet). 29. januar 2002. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ «Population statistics of Eastern Europe & former USSR: Transnistria - Ethnic composition: 2004 census». mashke.org. Henta 23. oktober 2024.