Divan (frå tyrkisk divan, opphavleg frå persisk devan) er ein sofa ein kan liggja på. Han skil seg ut frå andre sofaar ved å ikkje ha ryggstø eller armlene.[1] Ein divan er ofte dekt av teppe og/eller store puter og er gjerne plassert i opphaldsrom. Ein utslegen sovesofa kan ha form som ein divan.

Moderne amerikansk divan.
Divan langs veggane i Ethnografisk museum i Krujë i Albania.

Uttrykket og sofaane kom til Europa i romantikken, om lag mellom 1820 og 1850. Uttrykket kjem frå Det osmanske riket. Riksrådet deira vart kalla «divan», og i møterommet deira var det sofaar langs veggene. Ein liknande møbel med sams opphav er ottomanen.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «divan». Store norske leksikon (på norsk). 2. februar 2018.