Krujë er ein by og ein kommune i regionen Durrës i Albania. Kommunen ligg i den nordlege delen av landet og grensar i nord til regionen Lezhë, i aust til regionen Dibër og i sør til regionen Tirana.

Krujë
Den gamle basaren framfor moskeen i Krujë
Den gamle basaren framfor moskeen i Krujë
Den gamle basaren framfor moskeen i Krujë
Byvåpenet til Krujë
Byvåpenet til Krujë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Durrës
Geografi
Flatevidd 372 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

59 814[1]
Koordinatar 41°30′45″N 19°47′23″E / 41.51250°N 19.78972°E / 41.51250; 19.78972
Høgd over havet 532 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.kruja.gov.al

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Krujë vart slått saman med bykommunen Fushë-Krujë og landkommunane Bubq, Nikël, Kodër-Thumanë og Cudhi.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Krujë.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Krujë 11 721 innbyggjarar, medan dei seks kommunane som i dag utgjer storkommunen Krujë, til saman hadde 59 814 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Krujë ein del av distriktet Krujë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Krujë og busetnaden:[2]

  • Barkanesh
  • Picërragë
  • Brret

Referansar

endre