Dixie, Land of Dixie eller Dixieland, er kallenamn på sørstatane i USA, særleg statane som tilhøyrde Sørstatskonføderasjonen.[5]

Statane som er merka med djupraud farge har nesten alltid vore inkludert i definisjonen av Dixie, medan dei med mellomraud farge vanlegvis også er blitt tekne med som del av Sørstatane. Dei med stipla raudfarge har av og til blitt inkludert på grunn av historiske samband med Sørstatane.[1][2][3][4]

Opphavet til namnet er uklart. Det er blitt forklart som avleidd frå fransk dix, ‘ti’, etter ein 10-dollarsetel gjeven ut i Louisiana tidleg på 1800-talet som blei brukt i sørstatane.[6] Han hadde den franske teksten Dix (ti) på baksida. Det kan også vera avleidd frå namnet til Jeremiah Dixon, som saman med Charles Mason målte og teikna opp Mason-Dixon-linja som skilde slavestatar frå frie statar.[7]

I bruk endre

Kjelder endre

  1. Oh, Soo. «Which states do you think belong in the South?». Vox. Henta 5 October 2016. 
  2. Wilson, Charles & William Ferris Encyclopedia of Southern Culture ISBN 978-0-8078-1823-7; Univ. of Pennsylvania Telsur Project Telsur Map of Southern Dialect
  3. Vance, Rupert Bayless, Regionalism and the South, Univ. of North Carolina Press, 1982, s. 166 "West Virginia is found to have its closest attachment to the Southeast on the basis of agriculture and population."
  4. David Williamson (2. juni 1999). «UNC-CH surveys reveal where the ‘real’ South lies». Henta 22. februar 2007. 
  5. «Dixie». Encyclopedia Britannica. Henta 18. august 2017. 
  6. Knowles, Elizabeth KnowlesElizabeth (1. januar 2006). «Dixie» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-860981-0. doi:10.1093/acref/9780198609810.001.0001/acref-9780198609810-e-2175. 
  7. Hart, James D.; Leininger, Phillip W. (1995). «“Dixie,”» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-506548-0. doi:10.1093/acref/9780195065480.001.0001/acref-9780195065480-e-1351.