Djønno er ei lita fruktbygdOksenhalvøya i Ullensvang kommune. Grenda ligg nedmed sjøen på vestsida av Eidfjorden, om lag ti km sørom ferjestaden Bruravik. Næraste nabogrenda er Kaland, som ligg om lag ein km lenger innetter Eidfjorden.

Djønno
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5734 VALLAVIK
Preposisjon Djønno
Kart
Djønno
60°27′54″N 6°45′01″E / 60.465°N 6.75027778°E / 60.465; 6.75027778

Vegutløysing fekk Djønno fyrst i 1981, før den tid gjekk persontrafikk og godsfrakt til og frå grenda med båt. No er det ofte enklare for folk frå Djønno å reise til nabokommunane Granvin og Ulvik enn til kommunesenteret Kinsarvik i Ullensvang. Ungane frå Djønno går i dag på skule i Granvin.

Stadnamnet vert også bruka som etternamn, men då vert det skrive «Djønne».

Bakgrunnsstoff endre