Djainismen er ein religion som har utspring i India og framleis hovudsakleg blir følgd der. Religionen slik han er i dag skriv seg tilbake til Vardhamana Mahavira som levde på 500-talet f.Kr. Han bygger på hinduismen og har òg hatt stor innverknad på denne religionen. Djainismen legg vekt på gode handlingar som vegen til frelse, heller enn dyrking av nokon guddom.

Mahavira, skulpturen til høgre, blir sett på som opphavsmannen til djainismen. Utøvarane vyrder òg tirthankaraene som kom før han, som Risjabhadeva til venstre.

Ahimsa endre

Det viktigaste særtrekket ved religionen er truen på ikkje-vald, ahimsa. Ein from djain skal så langt han klarer unngå å drepa noko levande vesen. Dette betyr at dei et vegetarisk mat, men òg at dei ikkje et røter og heile plantar, bruker silke laga utan at silkeormar blir drepne, sopar vegen framfor seg når dei går for ikkje å trø på insekt, og ber munnbind for ikkje å pusta inn og drepa mikroorganismar.

Djainar endre

Rundt 4 millionar menneske høyrer til djainismen. Dei fleste av dei indiske djainane bur i Gujarat og Rajasthan vest i landet og Karnataka i sør, med eit viktig senter i Sravana Belgola. Elles finst større djainsamfunn i Canada, USA og Storbritannia.

Djainismen har to viktige hovudretningar, svetambara og digambara. Dei skil seg mellom anna i klesvegen, der svetambaraer ber kvit silke og digambaraer går nakne der dette er mogleg, og i kven som kan vera asketar og oppnå moksja – innan digambara er det som regel berre tillate for menn, medan begge kjønn kan vera asketar innan svetambara.

  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.