Ahimsa er eit religiøst konsept som forfektar ikkje-vald og respekt for alt liv. Ahimsa kjem av sanskrit, unngå skade. Det er nært knytt til vegetarianisme innan austlege religionar og til moderne bruk av ikkje-vald som politisk pressmiddel.

Ei stitlisert hand som er eit djainistisk symbol for ahimsa.

Omgrepet er fyrst å sjå i hinduskriftene kalla Upanisjadane. I djainismen er ahimsa-vrata eller løftet om ahimsa, det fyrste av fem maha-vrata, grunnleggjande løfte. Her vert alt dyreliv og det meste av planteliv rekna å vera medvite og alle gjerningar som trugar slikt liv er forbode. I hinduismen finn ein ahimsa som eitt av fem løfte innan yoga.

Tekst av Gandhi om ahimsa.

På 1900-talet vidareutvikla Mahatma Gandhi ideen om ahimsa. I tillegg til å bruka ikkje-vald i dagleglivet, meinte han det også kunne brukast som politisk verkemiddel. Satyagraharørsla hans brukte ikkje-valdeleg sivil ulydnad for å oppnå målet om eit fritt India. Denne filosofien inspirerte delav av den amerikanske borgarrettsrørsla og Martin Luther King Jr.