I 1960 var Jacques Piccard og Don Walsh dei første menneska som vart senka ned til den djupaste havbotnen i verda, Challengerdjupet i Maraiannegropa i Stillehavet. Dette kunne gjerast ved å bruke batyskafen «Trieste» utforma av Auguste Piccard.

Djupvassfartøy (engelsk deep-submergence vehicle) er ein bemanna, sjølvdriven ubåt som kan operere på store djup. Oppgåva kan vere leiting etter skipsvrak, fly eller andre gjenstandar på havbotnen. Dei kan òg brukast til avlytting av sambandskablar eller øydelegging av desse. I krig kan dei òg installere minefelt eller sensorar som kan varsle om framande ubåtar.[1][2]

Vidare utviklingEndra

Priz er ein russisk ubåttype som mellom anna vart brukt i redningsoperasjonen då ubåten «Kursk» havarerte. Ubåten AS-34 nådde «Kursk», men greidde ikkje å redde nokon.

Det russiske djupvassfartøyet «ANPA»Endra

Russland rapporterte i desember 2017 at dei heldt på å bygge er djupvassfartyg som skulle kunne dukka ned til 14000 meters djup.[3]

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. «Trieste II». History.navy.mil. Arkivert frå originalen 2004-03-08. Henta 27. mars 2012. 
  2. title=No Name (DSV 1) |publisher=Nvr.navy.mil |date=2009-09-14 |accessdate=2012-03-27
  3. https://rg.ru/2017/12/16/v-rossii-razrabotan-podvodnyj-apparat-rabotaiushchij-na-glubine-14-kilometrov.html