Dnepr-Bug-estuaret
(Omdirigert frå Dnepr-Bugestuaret)
Dnepr-Bugestuaret (ukrainsk Дніпровсько-Бузький лиман) er eit ope estuar, eller liman, av dei to elvane Dnepr og Sørlege Bug. Det ligg på nordkysten av Svartehavet, sør i Ukraina. Den viktigaste byen ved estuaret er Otsjakiv.
Dnepr-Bugestuaret | |||
innsjø | |||
Satelittbilete av Dnepr-Bugestuaret
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Del av | Svartehavet | ||
Tilsig | Dnepr, Sørlege Bug | ||
Byar | Otsjakiv | ||
Koordinatar | 46°37′N 31°57′E / 46.617°N 31.950°E | ||
Lengd | 63 km | ||
Areal | 800 km² | ||
Dnepr-Bug-estuaret 46°37′00″N 31°57′00″E / 46.61666667°N 31.95°E | |||
Kart som viser Dnepr-Bug-estuaret.
| |||
Wikimedia Commons: Dnieper-Bug Estuary |
Estuaret består av to delar, det breie Dneprestuaret (55 km langt, opp til 17 km breitt), og det smale Bugestuaret (47 km langt, frå 5 til 11 km breitt). I snitt er djupna 6–7 m og den største djupna er 12 m.
Estuaret vert nytta som skipslei, som fritidsområde og fiske.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dnieper-Bug Estuary» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.