Kamjanske

by i Ukraina
(Omdirigert frå Dniprodzerzjynsk)

Kamjanske (ukrainsk Кам'янське), fram til 2016, Dniprodzerzjynsk (Дніпродзержи́нськ; russisk Днепродзержи́нск, Dneprodzerzjinsk) er ein industriby i Dnipropetrovsk oblast i Ukraina og ein hamneby ved Dnepr. I 2016 vedtok det ukrainske parlamentet å gi byen tilbake det gamle namnet sitt frå før 1935, i ukrainsk språkdrakt Kamjanske (Кам'янське). Byen har kring 250 000 innbyggjarar (2008)

Kamjanske
Кам'янське, Dneprodzerzjinsk
by
Leninavenuen i Kamjanske
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Dnipropetrovsk
Høgd 120 moh.
Koordinatar 48°31′00″N 34°37′00″E / 48.51667°N 34.61667°E / 48.51667; 34.61667
Areal 138 km²
Folketal 252 100  (2008[1])
Folketettleik 1 827 / km²
Grunnlagd 1750
Borgarmeister Stanislav Safronov
Postnummer 51900
Retningsnummer +380-5692
Kart
Kamijanske
48°30′27″N 34°36′47″E / 48.507634690383°N 34.613190310481°E / 48.507634690383; 34.613190310481
Wikimedia Commons: Kamianske
Nettstad: http://www.dndz.gov.ua/

Historie endre

 
Den romerske-katolske kyrkja seint på 1800-talet.

Byen dukka opp kring 1750 og var på denne tida dei to landsbyane Romankovo og Kamianske, som i dag utgjer den moderne byen. Byen vart kalla Kamijanske (russisk Каменское, ukrainsk Камянське) fram til 1936 då han fekk nytt namn til ære for Felix Dzerzjynskyj, grunnleggjaren av det bolsjevikiske hemmelege politiet, Tsjeka.

Den sovjetiske leiaren Leonid Brezjnev vart fødd og vaks opp i Dniprodzerzjynsk.

2. juli 1996 skjedde dei ei stygg trafikkulukke i Dniprodzerzjynsk. Ein overfylt trikk som køyrde ned ein bratt bakke i Tsjapaevagata då bremsene slutt å virke og vogna raste ned bakken, av skjenene og inn i ein skule.[2] Totalt omkom kring 30 menneske medan meir enn 100 vart skadde.

Kjelder endre

  1. «City News» (på ukrainsk). Dniprodzerzjynsk byråd home page. Arkivert frå originalen 25. februar 2012. Henta 10. september 2012. 
  2. Pshenichniy, Stanislav (juli 7, 2006). «Sad Anniversary in Dneprodzerzjinsk». Dneprovska Pravda (på russisk). Henta 10. september 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kamjanske