Dobbeltseteventil

Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med seteventil. (Sjå eventuelt diskusjon)

Ein dobbeltseteventil er ein seteventil konstruert slik at straumen deler seg i to retningar. Dermed deler krafta frå prosessen seg på to pluggar, slik at kreftene utliknar kvarandre og ikkje verkar inn på ventilspindelen. Dette kallar me ein balansert ventil.

Dobbeltseteventilen eignar seg bra som reguleringsventil, fordi ein ikkje treng noko kraft frå ventilstillaren for å utlikna kreftene som prosessen verkar med.

Dobbeltseteventilar har nokre ulemper. Ved at mediet får ein meir kronglete veg gjennom ventilen, vil han yta etter måten stor motstand for strøyminga. Ein får då òg ei noko meir turbulent strøyming, noko som kan føra til kavitasjon. Slike ventilar tettar ofte dårleg ved full stenging, fordi det er vanskeleg å få begge pluggane til å tetta samstundes.