Kavitasjon er nemninga på faseovergangen frå væske til gass når trykket rundt væske blir senka til under damptrykket ved konstant temperatur.

Kavitasjonsbobler danna rundt ein raskt roterande propell.

Kavitasjonstæring

endre

Kavitasjon er ofte knytt til problematikken rundt erosjon i vasskraftmaskinar. Når vantet i ein Francisturbin passerer løpehjulet kan ein på grunn av det låge trykket i sugerøyret få kavitasjon. Dei små boblene som blir i vatnet gjer ikkje nokon skade i seg sjølv, men når trykket seinare bygger seg opp igjen i sugerøyret, vil gassboblene gå gjennom ein faseovergang tilbake til væske. Dei små boblene vil då implodera og skapa ein trykkpuls som fører til til erosjon på vassturbinen. Dette blir kalla kavitasjonstæring. Den same verknaden finn ein i samband med raskt roterande propellar i vatn og på utsida av våte sylinderforinagar i motorar.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.