Dobbeltvedtaket er vedtaket som vart fatta på NATO sitt medlemsmøte i Brussel den 12. desember 1979 som eit motsvar til utplasseringa av sovjetiske RT-21M-rakettar (NATO-nemning SS-20) i Aust-Europa frå 1976. NATO foreslo overfor Warszawapakten at det skulle innførast ei avgrensing på mellomdistanserakettar. Dersom ikkje Sovjet og Warszawa-pakta gjekk med på dette og trekte SS-20 rakettane sine tilbake, ville USA og NATO utplassera tilsvarande rakettar i Vest-Europa, Pershing II ballistiske mellomdistanserakettar og Tomahawk kryssarmissil.[1]

Sovjetisk SS-20 missil, dette missilet var kjernen til konflikten

Ved INF-avtalen som USA og Sovjetunionen inngjekk i 1987, vart det mellom anna semje om å eliminera missilklassa som SS-20, Pershing II og Tomahawk tilhøyrde.

Referansar endre

  1. Norgeshistorie.no, Olav Njølstad, «NATOs dobbeltvedtak». Henta 5. jan. 2017.