Warszawapakta (offisielt: «Traktaten for venskap, samarbeid og gjensidig assistanse») var ein militærallianse mellom Sovjetunionen og den tidlegare austblokka. I alliansen var det både reelt uavhengige statar og statar som trass i formelt sjølvstende de facto var styrt frå Sovjetunionen. Forsøk på å bryte ut av pakta vart slått ned.

Warszawapakta

Skipa14. mai 1955
HovudkontorMoskva
Tilsette7,2 Sjå dette på Wikidata
MottoUnion of peace and socialism, Unió de pau i socialisme, Unie míru a socialismu, Союз мира и социализма, Union de paze e sociałismo
Oppløyst1. juli 1991
Kart over landa som var med i Warszawa-pakta.

Alliansen vart etablert som forsvarspakt retta mot NATO, som hadde vorte etablert i 1949. Ei viktig hending som førte til danninga av Warszawapakta var gjenopprustinga av Vest-Tyskland og NATO-medlemskap. Pakta vart underskriven i Warszawa den 14. mai 1955, vart sett i verk frå 5. juni 1955. Pakta heldt saman til den kalde krigen var over. Medlemslanda byrja å trekkje seg i 1991, og pakta vart offisielt oppløyst 1. juli 1991.

Medlemsland endre

Det strengt stalinistiske Albania trekte seg ut av alliansen i 1961 som følgje av usemja mellom Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen etter at Sovjetunionen hadde fordømt Stalin og gjennomgått ei avstalinisering.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Warszawapakta
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.