Doctor artium
Doctor artium, forkorta dr.art., er ei doktorgrad i humaniora som blei innført ved Universitetet i Bergen i 1985[1] og ved Universitetet i Oslo i 1991. Grada blei også tildelt ved Universitetet i Trondheim/Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Tromsø.
Grada blei innført i Bergen som ei av dei første doktorgradene med organisert doktorgradsprogram og forskaropplæring. Gradene dr.polit. og dr.psychol. blei innført samtidig.
I samband med gradsreforma i høgare utdanning har grada blitt fasa ut fram til 2008, og blir ikkje lenger tildelt.
Ved Universitetet i Oslo har grada berre eksistert i 17 år og er den doktorgrada med kortast levetid ved universitetet.
Før innføringa av dr.art. tok ein i staden den filosofiske doktorgrada (dr.philos.) i dei humanistiske faga. Også etter innføringa av dr.art. var det mogleg å bli dr.philos. i staden. Etter 2008 tek ein anten ph.d. (viss ein er teken opp på eit organisert doktorgradsprogram) eller dr.philos.
Fotnotar
endre- ↑ Jenny Lippestad: «Planmessige studier til nye doktorgrader», Aftenposten, 16.01.1984