Dogri-kangri, tradisjonelt kjend som vestleg pahari, er ei gruppe språk og dialektar tala i Himalaya-regionen, frå Pakistan til Nepal.

Dogri-kangri-språka er tonespråk, liksom den nære slektningen deira panjabi, men ulik dei fleste andre indiske språk. Sjølv om dei tradisjonelt er kjent som vestleg pahari, er dei ikkje så nærskyldt med dei andre pahari-språka som dei er med Panjabi. Variasjonar som er vurdert som eigne språk omfattar:

  • Dogri (offisielt språk i India sidan 2003)
  • Kangri (nærare dogri enn nokon av dei andre språka)
  • Kullu pahari
  • Bhattiyali
  • Mandeali
  • Bhadrawahi
  • Bilaspuri
  • Chambeali
  • Churahi
  • Gaddi
  • Harijan kinnauri
  • Hinduri
  • Jaunsari
  • Mahasu pahari
  • Pangwali
  • Sirmauri

Potwari i Pakistan har tradisjonelt vorte sett på som vestleg pahari, men synst å vera ein overgangsdialekt til panjabi-siraiki.

Kjelder endre