Ein doksologi (av gresk doxa (δόξα) 'ære' og logos, 'ord, utsegn' er ei kort lovprisingsbøn.

Den store doksologien, Gloria in Excelsis Deo, Ære vere Gud i det høgste... er ein del av messoratoriet i Den katolske kyrkja. Den litle doksologien, Gloria Patri, Ære vere Faderen og Sonen og Den heilige ande... er eit obligatorisk innskot i det katolske introitus. Gloria Patri avsluttar alle bibelske salmar i den katolske kyrkja.

Fader vår vert avslutta med ein doksologi: For riket er ditt, og makta og æra, i all æve som ikkje står i bibelteksten i Matteus 6:9-13 . Nattverdsbøna vert òg avslutta med ein doksologi.